Aga Sideri produserer eplesider og juice av høg kvalitet. Me har gardsutsal og arrangerer sidersmakingar.
GARDSUTSAL FRÅ KL 10–15 MÅNDAG TIL LAURDAG
Me tilbyr sidersmaking, sjå ‘opplevingar’
Aga sideri vart etablert i 2018 av Joar Aga. På denne fruktgarden bur Joar med familien sin, omringa av bratte bakkar og store epleteigar. På få år har Aga Sideri blitt ein av dei største og mestselgande siderprodusentane i Noreg. Joar og teamet hans brenn for at du skal få ei god oppleving, om du er på besøk på garden eller drikk eit av våre produkt.