01.jpg
 
sider frå.png

Laga av Joar Aga

 

Mellom høge fjell, i hjarta av Hardanger ligg Aga Sideri idyllisk til.

Joar Aga fra Aga Sideri nyter en Sider i Solnedgangen

Joar Aga fra Aga Sideri nyter en Sider i Solnedgangen

I det best tenkelege klima for fruktdyrking vert epletrea dulla og stelt fint med heile året. Epla vert varsamt plukka og frakta til gards. Her får dei seg ein vask før dei vert rive i filler og most til jusen sprutar. Desse edle dråpane tek me vare på, og med litt tid, litt magi og litt hardt arbeid sitt me att med noko heilt fantastisk; Aga sider.

 

Phone

(+47) 476 13 738

 

Location

Aga 73
5776 Nå

 

Opningstider gardsutsal

Man-Fre 09–20
Laurdag 09–18

 

Produkter

 
 
lagmann2.png
 

Lagmann sider

7% - 75CL / 33CL
Sødme: Medium

For kring 800 år sidan budde det ein staut og mektig kar på stormannsgarden Aga. Namnet hans var Sigurd Brynjulfsson. Han var riddar, riksråd og Gulatingslagmann. Og etter han har sideren fått namnet 'lagmann sider'. For sjølv om Sigurd vart funnen hovudlaus i fjorden i 1303, var han før dette ein kløktig mann med eit godt hovud!

Fruktig og lett perlande, passar bra til skalldyr, fisk, kylling og syrlege grønnsaksrettar. Aller best når den vert servert kald på ein varm sommardag. Kven veit, kanskje var det akkurat slik Sigurd lagmann likte sideren sin og?

lagmann2.png
 

Humlepung

7% - 75CL / 33CL
Sødme: Medium

Joar Aga (f. 1988) er mannen bak Aga sideri. Han vaks opp på Aga i Hardanger, mellom fjell og fjord, eldgamle kulturminner og store fruktgardar. Han har også budd mange år i Bergen, og treivst godt i det urbane, hippe bylivet. Då Joar og familien skulle overta gard på Aga, var det med ønske om å halde gamle tradisjonar i hevd, samstundes som dei hadde med seg nye idéar og impulsar. Slik har sideren Humlepung vorte til. Humlepung er ein tradisjonell Hardangersider, tilført humle. Gamle tradisjonar møter nye impulsar.

bøddel.png

Bøddel

9,5% - 75CL
Sødme: Tørr

Samson Isberg (1795-1873) vaks opp på garden Isberg, like sør for Aga. Han søkte seg tidlig vekk frå sin far og stemor, og slutta seg til militæret i Bergen. I 1834 fekk han arbeid som bøddel. Han var noregs nest siste bøddel, og den fyrste som hadde heile landet som sitt embetsområde. Trass dyster yrkestittel, var Samson skildra som ein godhjarta og folkeleg mann. Etter femten henrettingar, gjekk Samson av med pensjon. Då det nærma seg slutten på livet, sa han «det blir tungt å møte dem igjen på den andre siden, de mennesker som jeg har skilt med livet».

 
eplemost.png

Agas Hage - eplemost

0% - 75 CL / 33CL

Agas hage Engelske cistercienser-munkar kom til vestlandet og Hardanger for kring tusen år sidan. Med seg hadde dei kunnskap om fruktdyrking, og dei skjøna raskt at Hardanger var ein veleigna stad for å dyrka eple. Sidan 1300-talet har bønder dyrka epler i Hardanger, og på 1700-talet byrja ein å presse eple til saft. Desse lange tradisjonane og den breie kunnskapen har Aga sideri nytt godt av i produksjonen av eplemosten Agas hage. 

Den er pressa av Aroma, som er ein av hovudsortane i Noreg. Agas hage smaker best kald, og er eit godt alkoholfritt alternativ til Aga sider.

header4.png

Aga 73
5776 Nå

 
 

Ta kontakt!

Navn *
Navn

Cider Tour

7th generation farmer Joar Aga offers farm tours at Aga Sideri. Insight to how the traditional Hardanger Sider is made, start to finish, as well as sampling the different ciders. The tour also include a guided tour in historic Agatunet.

Booking:

Date:

1 jun - 14 Sep
Tour starts 13:00 Monday through Saturday

Duration:

2 hours

Meeting Place:

Aga 73, 5776 Naa

Price:

800kr

Transport from Odda by boat, contact Trolltunga Active to book.mail@trolltunga-active.com

Accommodation available at the farm, contact post@agasideri.no