Smak av hardanger

– opplev Hardanger på ein ny måte.
10.-12. Juli 2026

Bli med på ei eksklusiv og kontrastfull reise i Hardanger. Ei reise som gir deg smaken av sjøliv på den historiske hardangerjakta ‘Mathilde’, sidersmaking og historiefortelling på Aga Sideri, omvising i historiske Agatunet og stille luksus på ærverdige Utne Hotel.

Reis sakte, opplev meir

Maks 20 plassar!

Tidsplan

Om dei ulike aktørane

Utne Hotel er Noregs eldste freda trehotell som kontinuerleg har vore i drift sidan 1722. Her skal du bu på eit av dei historiske romma og nyte ein 5-rettars middag laga på lokale råvarer.

Agatunet er eit autentisk mellomaldertun som gir deg innblikk i historia til regionen og rettshistoria til Noreg. Eit av høgdepunkta er Lagmannsstova, landet eldste rettslokale, bygd heilt tilbake i 1220.

Aga sideri (etabl. 2018) er kjent for sin prisvinnande sider. På turen vert du invitert inn på garden der sideren vert produsert, du får ei omvising i produksjonslokalet og får smake og lære om prosessen frå treet til glaset.

Hardangerjakta «Mathilde» vart bygd i Ølve i Hardanger i 1884. Skroget er i tre og både segl og tauverk er i naturfiber. Mathilde har eit sjøvant mannskap som står for tryggleik og trivsel om bord som er klare for å visa deg korleis ein seglar ei skute frå 1800-talet.

Greit å veta

Praktisk informasjon

Aldersgrense: Denne turen er tilrettelagt vaksne. Aldersgrense er 18 år.

Start: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund fredag 10. juli kl. 16.

Slutt: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund 12. juli kl. 14.

Varigheit: 10. – 12. juli 2026 (2 overnattingar, 3 dagar)

Pris: kr. 12 900,- per person. Begrensa plassar.

Adkomst: Buss eller eigen bil. Med bil er det ca. ein times køyring frå Bergen til Norheimsund og det er mogleg å parkere på Hardanger fartøyvernsenter. Det går også buss, sjå skyss.no for rutetider.

Adresse og parkering: Hardanger fartøyvernsenter, Sandvenvegen 50.
Det er parkering ved senteret. Om du kjem med buss, er det ca. ti minutters gange frå busshaldeplassen.

Avbestilling: 90 dagar før avreise.