Fristar det med ein sommarjobb i Hardanger - tett på fjord, fjell og levande siderkultur?

Aga Sideri søkjer sommarvertar til ein variert og sosial sommarjobb i idylliske omgjevnadar ved Sørfjorden.

Aga Sideri har på få år blitt ein av Noregs største produsentar av sider både med og utan alkohol. På sommaren opnar me dørene for gjester som vil lære, smake og oppleve siderkulturen i Hardanger. Mandag - Laurdag arrangerer me sidersmakingar og har ope gardsbutikk mellom 10-17.

Me er på jakt etter deg som diggar å prate med folk, trivst i vertskapsrolla og har lyst til å formidle den levande siderkulturen på Aga Sideri.

Arbeidsperiode: juni - september.
Arbeidsdagar mandag - laurdag.
Arbeidstid 10-17:30.

Arbeidsoppgåver

  • Halde sidersmakingar

  • Klargjering og opprydding i samband med smakingar

  • Arbeid i gardsbutikken

  • Praktiske oppgåver knytt til dagleg drift og arrangement

Me ser etter deg som

  • Er imøtekommande og trivst med å møte nye menneske

  • Likar å fortelje og formidle

  • Jobbar godt både sjølvstendig og saman med andre

  • Er fleksibel, løysningsorientert og påliteleg

  • Beherskar norsk og engelsk flytande

  • Har fylt 18 år

Me tilbyr

  • Nødvendig opplæring

  • Ein unik sommarjobb på ein sidergard i Hardanger

  • Inkluderande og triveleg arbeidsmiljø

  • Varierte og innhaldsrike arbeidsdagar

  • Gode turmoglegheiter rett utanfor døra

  • Moglegheit for husvære på garden

Interessert?

Send søknad og CV til post@agasideri.no.

Har du spørsmål, kan du ringe

Bente – 975 09 457
Joar – 476 13 738