Lagmann sider fra Aga Sideri. Gjennomsiktig flaske med turkis etikett, illustrasjon av Sigurd Brynjulfsson. 0,75l.

LAGMANN SIDER

Eplesort: Aroma og Discovery

Alkohol: 7%

Volum: 750 ml

Sødme: Medium

Passer til: Lette rettar, kyllingsalat, skalldyr og spekemat, fiskesuppe

  • For kring 800 år sidan budde det ein staut og mektig kar på stormannsgarden Aga. Namnet hans var Sigurd Brynjulfsson. Han var riddar, riksråd og Gulatingslagmann. Og etter han har sideren fått namnet 'lagmann sider'. For sjølv om Sigurd vart funnen hovudlaus i fjorden i 1303, var han før dette ein kløktig mann med eit godt hovud!

    Fruktig og lett perlande, passar bra til skalldyr, fisk, kylling og syrlege grønnsaksrettar. Aller best når den vert servert kald på ein varm sommardag. Kven veit, kanskje var det akkurat slik Sigurd lagmann likte sideren sin og?

BØDDEL

Eplesort: Aroma, Gravenstein, Bramley’s seedling og James Grieve

Alkohol: 9%

Volum: 750 ml

Sødme: Tørr

Passer til: Østers, skalldyr, sterk mat, sushi og taco.

  • Samson Isberg (1795-1873) vaks opp på garden Isberg, like sør for Aga. Han søkte seg tidlig vekk frå sin far og stemor, og slutta seg til militæret i Bergen. I 1834 fekk han arbeid som bøddel. Han var noregs nest siste bøddel, og den fyrste som hadde heile landet som sitt embetsområde. Trass dyster yrkestittel, var Samson skildra som ein godhjarta og folkeleg mann. Etter femten henrettingar, gjekk Samson av med pensjon. Då det nærma seg slutten på livet, sa han «det blir tungt å møte dem igjen på den andre siden, de mennesker som jeg har skilt med livet».

HUMLEPUNG

Eplesort: Aroma, Discovery og Sommered

Alkohol: 7%

Volum: 750 ml

Sødme: Medium

Passer til: Grillmat, pizza, feite og røykte rettar

  • Joar Aga (f. 1988) er mannen bak Aga sideri. Han vaks opp på Aga i Hardanger, mellom fjell og fjord, eldgamle kulturminner og store fruktgardar. Han har også budd mange år i Bergen, og treivst godt i det urbane, hippe bylivet. Då Joar og familien skulle overta gard på Aga, var det med ønske om å halde gamle tradisjonar i hevd, samstundes som dei hadde med seg nye idéar og impulsar. Slik har sideren Humlepung vorte til. Humlepung er ein tradisjonell Hardangersider, tilført humle. Gamle tradisjonar møter nye impulsar.

HUMLEPUNG ROSÈ

Eplesort: Discovery Rosette, Gravenstein, Aroma og Bramley’s seedling

Alkohol: 7%

Volum: 750 ml

Sødme: Medium

Passer til: Lette grønnsaksrettar, lasagne, pizza, syrlege dessertar og laksetartar

  • På sideriet er me alltid ute etter å forbedre dei edle dråpane. I prosessen vart eit heilt nytt produkt til, Humlepung Rosè. Med klassisk Humlepung som utgangspunkt, vert sideren gjæra ilag med rips og bringebær. Resultatet er ein delikat og floral vri på ein humla sider.

Bruk av alkohol kan gje ulike skadevirkningar. Meir informasjon finner du her.